onsdag 26. desember 2012

it's the most wonderful time of the year!


Endelig er var julaften her, å vi gleda oss til den 
store kvelden! Eg var åleine meg ungane i år, då mannen var på jobb.


Eg hadde vore på grava å tent eit hjerte av lys for tantegullet som 
vi mista for snart 2 1/2 år sidan. Nokon ting er vondare i jula enn ellers.





Julepynt som ungane har laga til meg <3 
Det set eg pris på!!


 Trea her fekk eg av tvillingjentene mine! Dei er laga av ei kjegle som er limt lauv på! I potta har dei hatt oasis og sett ein pinne som har ein Y øverst. For så skjule oasisen har dei hatt mose (?) over. Eg likte dei utrulig godt!  Engelen laga den eldste guten min då han gjekk i første klasse (10 år sidan), å er noko av  finaste julepynten eg har. Eg elskar englar!! 

Håpar du hadde ein fin julekveld! 
Det hadde ihvertfall vi :)

Klem Nina

onsdag 12. desember 2012

Utradisjonell julepynt??

Ungane er nok like skuffa i år som i fjor.... 
Eg er ikkje så veldig glad i nissar, så eg har ikkje så mange av dei rundt om kring.
Det einaste nissete styre eg har i kjellaren er fakstisk rødnissegensarane som tvillingane
mine har vakse ut av for mange år sidan. Eg syns dei er fine og veldig dekorative. I år
har eg lagt dei i ei gammale kasse. Oppå stå ei melkespann som eg har sett ei eine i.










Håpar du likte "nissepynten" min! 
:) 

Ha ein super onsdag!

Klem Nina

søndag 9. desember 2012

To lys brenn i dag, å vi har feira jul for pappaen!

I dag har vi hatt julemiddag! Eg og ungane skal feire jula uten pappaen i år, då han reiser på jobb på onsdag :( Eg skal ha ansvaret julafta, nyårsafta og 3 bursdaga åleine.
Det er litt trist å skal vere åleine på slike dagar! Berre eg skriv det kjenner eg at eg blir leide meg og held på å grine.




Kva synes du om juletreet? Det fekk eg med den eine jenta mi! 
Ho klarte ikkje vente til sjølve julaften for å vise kva ho hadde laga, å det forstår eg godt!
Eg berre elska det <3
Eg skal fortelle deg ein annen dag kor ho har laga det!



 I dagar inviterar vi svigers på middag, slik at dei og får vere med å feire "liksom jul" ilag meg minsteguten sin. Dekka bordet gjor eg i går, då vi var nødt til å vere klar med maten kl. 2 sidan eine jentå vår skulle i kyrkja å synge på julekonserten. 




 Eg er veldig glad i linserviettane eg kjøpte på Kremmerhuset. Med stjerner laga av bork,
rosa glitterkuler og nokon småpinnar av lerk, knytt saman med ein bit med hamp, gjore seg godt!



Eg var ganske nøgd med pyntinga av bordet i dag. Svigerfar sprang for å finne kameraet sitt for å forevige dekkinga! Trur ikkje han tok et einaste bilde av oss :) hohoho :)

Det var forresten ein vakker konsert! Tårene pressa på fleire gongar då "trøkken" av stemmer gjore at hjerte vart meir rørt enn det vanligvis brukar. 
Jula gjer noko med ein!

 Eg hadde forresten ein plan om å delta i NIB si juleutfordring, men 
rakk aldri å ta bilder, å no er det forseint... 
Kansje neste år! :)

Ha ei fine natt! 
(Eg veit det vart litt mange bilder... eg klarte ikkje å velge)

:)


torsdag 6. desember 2012

Adventsstjerner på kjøkkenet

Eg var ikkje så sjuk i går at eg ikkje orka shopping. Eg rakk å kjøpe gave til mannen, 
og så nokon smågaver til meg sjøl :) 
På Herlighet kjøpte eg meg adventsstjerner, svarte og sølvfarga. Den kvite med lys i
var det ingen problem å flytte for å gi litt bedre plass i glaskarmen :) Jentene mine fekk stå der dei sto! :)


 Gardinene har eg forresten laga sjøl! Eg har vindu som det ikkje er mulig å kjøpe ferdige gardiner 
til, derfor var eg berre nødt til å finne ei løysing på det sjøl. Angra litt på at eg ikkje valgte beige 
og kvit, men eg får sjå om det blir til neste år ;)


Då eg var innom plantasjen fant eg meg nokon små svarte juletre som eg berre måtte ha ;) 
Krona kjøpte eg sist veke, å eg har ikkje helt funnet nokon plass å ha ho. Må nok til å kaste ut
noko :)


God Jul skiltet skal eg bruke til å pynte julepapiret med, å det skal du få sjå ein annan dag
Digga zink-etasjefatet mitt!  Her er forresten juletrea som eg har laga av papp. Her er det 
berre å sette ungane i arbeid med saksa :) Eg skulle egentlig bruke ei gammal bok, men så fant 
eg ikkje nokon eg ville "kaste" ;)


Gammeldagse julelysholdera fant eg og på Herlighet! Lys og, forresten! :) 


Klem frå meg

onsdag 5. desember 2012

Litt humor i adventstida :)

Eg har hatt det litt travelt i det siste. Vi held på å pusse opp badet. å det har vi styrt på med i 6 mnd, å no er det begynt å haste for å få det ferdig ;) hohoho :) Det er litt travelt med 1 do når det knip om, å det spesielt om morgonane når vi er 6 stk som skal slåst om det. No er vi leide av slostinga så no skal vi gjere oss ferdige. Status no er at vi har flisa golv og 2 veggar, så då er vi på god veg :) Når eg gav meg i går kveld kjente eg at eg holdt på å bli sjuk, å når eg våkna i dag var eg heilt sikker på at eg var det! :( Akkurat det passa steikje dårlig då eg skulle til bya i dag på både MR og røntgen. Eg sov heile veien opp, å eg sov under MR og jammen var eg på vei til å sovne under røntgenen og. Eg er eit sovedyr!

Eg har og vore å sett etter ny julekjole i dag.  Etter at eg slutta å røyke for eit år sidan har eg lagt på meg ein god del, så dei kjolane eg har passa vel helst til dei som ikkje et, ihvertfall litt mindre enn det eg gjer :)
Søskenbarnet mitt var forresrten med for å hjelpe meg å velge! Eg plukka med meg eit rikt utvalg av kjolar som eg likte, og trakka til næraste prøverom. Den eine etter den andre vart avskrevet, å eg banna litt å lurer på kor andre damer som treng over størelse M finn noko som passar. Eg må berre sei, at den kjolen eg likte best på hengarer, en mellomlang svart med millionar av svarte paljettar, var den som skuffa meg mest. Eg hadde stolpetru på den kreasjonen, å eg gleda meg til å prøve den.... DEN VAR FORFERDELIG STYGGE! Vertfall på meg!! Det er helt sant det eg fortel no, eg såg ut som ein orm som akkurat hadde ete ein heil hjort. Fyttikatta! Eg tårde meg ikkje ut av prøverommet ein gong, så slekta måtte kike inn for å få sjå. Å når eg sa kva eg syns eg likna på, så knakk ho i hop av latter. Eg lo eg og, men det var vel mest for å beskytte meg sjøl....trur eg..., å når mora kom å ho og fekk sjå kor eg såg ut, å eg ymta frampå om ormelockaliken, så lo ho og godt.... Heldigvis tek eg ikkje meg sjøl så høgtidelig, så eg takla det veldig bra! :)  Eg har vurdert å bli litt anorektisk (humoristisk) men eg klarer det ikkje. Her for ei tid sidane fekk eg føre meg, at å ete salat gjer en slank, å når eg den tredje dagen sat å drakk cola til, å fant eg ut at det ikkje var veldig sunt lenger!? :) hihihi :)

Bilda eg legg ut i dag er ikkje av kjolen eg prøve, men av den heimelaga adventstaken eeg har laga. Den er støypt som ei stjerne! Det blir vel berre i år den blir brukt som adventsstake! 


 Oppå har eg lagt litt julepynt som eg hadde ligganer!


Så kva syns du! Som du forstår tåler eg nesten det meste, så her er det berre å komme med meiningar :) 


No er det kveld å eg skal legge det febersjuke haudet på puta.
God natt!! :)